Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kan ikkje reglane godt nok

Publisert Sist oppdatert

Nyttekøyring med traktor og landbruksmaskinar langs offentleg veg er nødvendig, men ikkje alle bønder eller førarar av landbruksmaskiner kjenner til kva reglar som gjeld for å ferdast trygt langs vegen. Regelverket er vanskeleg å setja seg inn i, og mange har for dårleg kunnskap om korleis ein kan sikra seg mot ulykker. Ved Norsk Landbruksrådgiving tilbyr dei i desse dagar lokale fagdagar rundt om i landet der trafikktryggleik og trafikkreglar står på timeplanen. Sist veke stod Haugesund og Imsland for tur, der rundt 20 interesserte møtte opp til møtet i Haugesund og elleve i Imsland.

— Mange som køyrer traktor og landbruksmaskinar på vegen kan ikkje reglane godt nok. Difor er det viktig at me følgjer opp bøndene og gir dei opplæring gjennom kurs, seier rådgjevar Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving og opplever at det ikkje berre er bøndene som slit med å læra seg reglar for kva som gjeld for traktorkøyring langs veg.

— Alle instansar opplever at regelverket er komplisert. Landbruksmaskinane har utvikla seg så fort at regelverket ikkje heng med, seier han.

Powered by Labrador CMS