Julebord med krangel

Julebord skal vera kos, hygge og ei verdig avslutning av arbeidsåret, men har også gjerne […]

Publisert Sist oppdatert

Julebord skal vera kos, hygge og ei verdig avslutning av arbeidsåret, men har også gjerne ein tendens til å utarta seg. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt måtte natt til sundag senda mannskap ut for å dempa stemninga to stader i distriktet. Kl 01.00 blei det meldt om slåsskamp på eit julebord i Ølen. Ein mann (32) måtte køyrast heim etter å ha kome i krangel med ein av vaktene. Det er ikkje meldt om personskade, men det er oppretta politisak for ordensuro.
Vel ein time seinare måtte politiet rykka ut til Skånevik etter at det blei meldt om bråk og krangel på eit tilsvarande arrangement. Også her valte politiet å køyra ein person (24) heim. Politiet reknar med at det heile skuldast konfrontasjon mellom gjesten og tilsette på utestaden.

Powered by Labrador CMS