Yrke og utdanning
Internatlivet er rett og slett å anbefala
Skulen er ein heim og heimen er ein skule, og for ungdommane som går på Lundeneset vgs er det midt i blinken. Internatlivet er sosialt, travelt, innhaldsrikt og ikkje minst kan det bli eit minne for livet.
Undervisningsdagen er slutt og ein gjeng ungdommar har sett seg ned ved eitt av borda i matsalen på Lundeneset. Til saman skal 180 elevar forsyna seg av dagens middag, som i følgje kokken Ingrid Espevik er fiskepinnar, ris og salat. Ikkje mindre enn 860 fiskepinnar er steikte, og det ser ut til at dei får bein å gå på.» Dei fleste av elevane et av hjartans lyst og nokre av elevane forsyner seg fleire gonger, men ikkje Theodor Vestbø Reimers frå Bjoa, Anders Løhaugen frå Ølensvåg, Jenny Eikemo Årak frå Sandeid og Brianna Gebremichael frå Ølensvåg. Dei likar nemleg ikkje fisk, og har heller bestemt seg for å køyra på butikken for å handla inn noko anna til middag nettopp denne dagen, og det er kanskje like greitt. Fiskepinnane er snart borte likevel, for majoriteten av elevane var svoltne i dag og det er berre to små brett med fiskepinnar igjen.
— Fellesmåltida her er noko av det mest positive me har her på skulen, spesielt søndagsmiddagen. Å kunna setja seg til bords, få god middag og eta middag i godt lag er utruleg kjekt og samansveisande. I tillegg er det også reglar for korleis ein oppfører seg i matsalen, og me får for eksempel ikkje lov til å starta på eit nytt bord, før eitt anna er fylt opp. Me får heller ikkje lov til å flytta ein stol frå eit bord til eit anna. Det er bra, seier Madelen Jacobsen Harboe, som slår seg ned ved ungdommane som snart skal på butikken.
Fellesmåltida her er noko av det mest positive me har her på skulen, spesielt søndagsmiddagen
Fritidsaktivitetar
Dei må vera litt kjappe, for om ikkje lenge er det fotballtrening i gymsalen, og via Facebook melder dei seg på til dagens trening. Lag blir etablert, og det same blir speletidene. Her må salen delast på, for det blir fort fullt. Skulen som har kristen føremålsparagraf kan by på eit breitt spekter av fritidsaktivitetar utanom skuletid; vekemøte, bibelgruppe, engasjement i lokalt kristent arbeid. Dei har også tilgang til treningsrom, gymsal, kunstgrasbane, aktivitetar utandørs og organisert fotball. I musikkrommet er det øving for russekoret, det er kreative hobbygrupper, bibliotek, sosialt samvær i kaffikroken, aktivitetar for alle som er organisert av russen, og ikkje minst eit rikt internatliv.
Bur på skulen
Fleire klasserom er også opne på ettermiddagane som lese- og leksesalar for elevane, og nokre kveldar i veka stiller lærarane opp på dugnad som leksehjelp.
— Eg synest me har eit veldig godt tilbod her ute. Og dei ettermiddagane me ikkje har leksehjelp er det alltid medelevar me kan spørja. Det er alltid nokon som er flinkare enn andre, og som hjelper når det trengst, seier Anders Løhaugen.
Han er tredjeklasselev og russ til våren, og sjølv om han er frå Ølensvåg har han budd på Lundeneset alle tre åra.
— Av 180 elevar trur eg berre det er fire som ikkje bur på skulen. Eg synest det er flott å bu her, og det er jo på fritida du knyt kontakt med folk. Skal du vera med på det som skjer, er det viktig å vera her, seier han.
Brianna Gebremichael (16) er førsteklassing og har ikkje valt å bu på skulen, sidan ho også kjem frå Ølensvåg. Likevel er ho som regel på skulen på ettermiddagane og kveldane og synest det fungerer heilt fint.
Mottoet til Lundeneset vgs er Hjemmefra – men ikke alene» og ungdommane synest det teiknar eit godt bilete på verkelegheita.
Internatlivet
Livet på internatet er eit aktivt og sosialt liv, og internata er fordelte på mange forskjellige bygg. Internata har både einerom, doble rom, kjøkken, vaskerom og stove. Her går elevane om kvarandre på dagtid. Dei samlast til felles matlaging, gode samtalar og dei knyt venskap. Internata er ikkje alle like, nokre er nyoppussa og nokre er av eldre årgang. Elevane som går der i tre år må rekna med at i minst eitt av åra dei går der, må dei bu på dobbeltrom som dei deler med andre.
— Det ser eg berre på som positivt, spesielt for førsteklassingar som er nye og skal bli kjent med folk. Det er lettare når du bur på rom i lag med andre, seier Theodor Vestbø Reimers, som sjølv deler rom med Emil Eggebø Hansen frå Lyngdal.
Ei boble
Å bu på internat er som å leva i ei boble, og når skuleåret er over skal ein enten sjåast igjen etter sommarferien, eller setja punktum og ta farvel. For mange blir internatlivet eit minne for livet, og gjeng som ikkje likar fisk» er dei skjønt einige i at det blir rart den dagen dei reiser heim for godt. For Madelen og Anders skjer det allereie til våren. For Jenny som går i 2. klasse, og for Brianna og Theodor som går i 1. klasse, er det heldigvis ei stund til enno.