Yrke og utdanning
Har mange munnar å retta
Det var eit litt tilfeldig yrkesval som førte vatsbuen Malin Haraldseid (24) til tannlegestolen. Nå tar ho i mot nye kundar på Aksdal tannklinikk.
Malin Haraldseid (24) er nyutdanna tannlege, og trivst godt i jobben på Aksdal tannklinikk. Ho kjem frå Nedre Vats, men no bur ho i Nedstrand saman med sambuaren.
— Eg synest det er veldig kjekt og givande å jobba som tannlege, seier Haraldseid.
I tillegg seier ho at ho har det kjekt på jobb med kjekke kollegaer.
Frå sommarjobb til fast
Ho har hatt sommarjobb på Aksdal tannklinikk to somrar før ho fekk tilbod om fast jobb då ho var ferdig med den femårige tannlegeutdanning juni 2024. Første året i sommarjobb var ho sekretær, og den andre tok ho meir tannpleiaroppgåver som å ta litt undersøkingar og lette behandlingar.
— Malin er lett å bli glad i og veldig omgjengeleg. Ikkje minst er ho fagleg dyktig, seier dagleg leiar Camilla Kringen Mæland.
Det var litt tilfeldig at ho blei tannlege. Ho visste berre at ho ville jobba med folk. I jobben som tannlege er ho glad i pasientbehandling og likar å snakka med ulike folk.
— Eg likar når eg får hjelpt pasientane. Det er aldri kjekt når pasientar kjem med store plagar, men då er det godt når me finn ei behandling som hjelper, seier Haraldseid og legg til at som regel finn ein både årsak og god behandling som hjelper pasienten.
Variert arbeidsdag
På Aksdal tannklinikk er det tre tannlegar og tre tannhelsesekretærar. Det er ingen tannpleiarar, noko som gjer at det blir ein variert arbeidsdag. Tannklinikken held til på Aksdal senter i andre etasjen. Men det som kan vera litt forvirrande for kundar, er at Tysvær tannklinikken held til i same etasjen på andre sida av gangen. Mange gonger sit det forvirra pasientar på feil venterom.
Klinikken har god kapasitet, og plass til dei som vil ha ny tannlege.
— Det er veldig kjekt om nye pasientar vil koma til oss, seier den unge tannlegen som likar godt når ho får bidra til at pasientane tar godt vare på tennene sine.