Det var folksamt på Torget i Randaberg kommune i Rogaland i samband med besøket til kongeparet. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Det var folksamt på Torget i Randaberg kommune i Rogaland i samband med besøket til kongeparet.
Kong Harald og dronning Sonja besøkte den minste landkommunen i landet, Randaberg, i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland denne veka. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Kong Harald og dronning Sonja besøkte den minste landkommunen i landet, Randaberg, i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland denne veka.
Kong Harald og dronning Sonja kom i båt frå Kongeskipet då dei skulle besøkje Randaberg kommune i Rogaland onsdag. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Kong Harald og dronning Sonja kom i båt frå Kongeskipet då dei skulle besøkje Randaberg kommune i Rogaland onsdag.
Randaberg 20240529. Ingrid Fornes, t.v., Margaret Espedal og Vilde Røsbak og Mille Røstend venta spent då kong Harald og dronning Sonja besøkte Randaberg. Dei syng alle i koret som underheldt for kongen og dronninga. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Randaberg 20240529. Ingrid Fornes, t.v., Margaret Espedal og Vilde Røsbak og Mille Røstend venta spent då kong Harald og dronning Sonja besøkte Randaberg. Dei syng alle i koret som underheldt for kongen og dronninga.
Randaberg 20240529. Dronning Sonja besøker Randaberg kommune i Rogaland i forbindelse med fylkesbesøkene til Agder og Rogaland 26-30 mai. Statsforvalter Bent Høie t.v.Foto: Lise Åserud / NTB
Randaberg 20240529. Dronning Sonja besøker Randaberg kommune i Rogaland i forbindelse med fylkesbesøkene til Agder og Rogaland 26-30 mai. Statsforvalter Bent Høie t.v.
Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Randaberg kommune i Rogaland i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland 26–30 mai. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Kong Harald og dronning Sonja besøkjer Randaberg kommune i Rogaland i samband med fylkesbesøka til Agder og Rogaland 26–30 mai.

Kongebesøket

Fullstappa då kongeparet kom til Randaberg

Randaberg kan skilte med stort mangfald, jordbruk – og storproduksjon av statsrådar per kvadratmeter, påpeika dronning Sonja i talen sin onsdag.

Publisert Sist oppdatert
Kongeparet er på sitt første offisielle besøk i Randaberg, på fylkesturen i Rogaland frå 28. til 30. mai. Med sine knappe 25 kvadratkilometer areal, er Randaberg den minste landkommunen i landet. Jordbrukskommunen på Jærens nordre spiss har Stavanger og Sola som næraste naboar.

I kommentaren til dronninga om Randabergs tidlegare statsrådar, fekk noverande statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie, eit lite sleivspark då dronninga påpeika at dei hadde treft han fleire gonger før. Det var då han var helseminister under pandemien, og møta forgjekk på hans premissar og med ein meters avstand.

Kom i båt

Kong Harald og dronning Sonja kom Goavika frå Kongeskipet akkompagnert av songen Smil» frå 90 songarar i alderen 4 til 10 år. Så besøkte dei først Folkehallane, eit interkommunalt selskap som arbeider for å betre folkehelsa, eigd av Randaberg, Stavanger, Sandnes og Sola.

– De går føre og viser veg med eit unikt prosjekt for folk flest, sa dronninga i talen sin litt seinare.

I Folkehallane fekk følgjet ein gjennomgang av Kongereglar for trivsel»: Kompetente, omfamnande, nysgjerrige, glade og ekte. Første bokstav i verdiane dannar ordet KONGE».

Inkluderande kommune

Den siste delen av besøket fann stad på Randaberg torg, med kulturelle innslag og talen til dronninga, der ho takka for seg på vegner av seg sjølv og kongen. Ho lét seg imponere av den inkluderande kulturen i kommunen og mangfaldet blant dei vel 11.000 innbyggjarane.

– Når ein besøkjer Jæren, får ein ofte inntrykk av å vere under ein litt større og open himmel, sa dronninga framfor eit fullstappa torg med overdøyvande måkeskrik i bakgrunnen.

Powered by Labrador CMS