Full klaff med vêret
Romsamarknaden har lokka både store og små til Romsa-øyane denne helga.
Haugesundarane Line Eikehaugen, Eirik Eikehaugen, Liv Eikehaugen, Geir Røsland og Halstein Sæbø ferierer for tida på hytta Bjoa. Då dei såg at Kystlaget Romsa sette opp båtskyss til Romsa i samband med Romsamarknaden denne helga, nytta dei sjansen til å vere med. Terje Lunde står for båtskyssen mellom Kjellesvik og Romsa.
— Den guida turen i huset på Haukelandstunet var verdt turen i seg sjølv, meiner Eirik Eikehaugen.
Følgjet er strålande nøgde med både vêret og arrangementet. Også initiativtakar Ante Andersen, gjennom Kystlaget Romsa, er glad for at vêret har vist seg frå si beste side denne helga. I år er det tredje gong Romsamarknaden blir arrangert.