I bassenget inne i Vindafjordhallen i Vats står ei rekkje unge svømmarar og ventar på klarsignal til å hoppa i vatnet. Konsentrasjonen er på topp og straks startskotet går kastar dei seg ut frå bassengkanten og legg på svøm. Målet er å koma seg over til motsett side. Tid og plassering spelar inga rolle. Her gjeld det berre å visa at dei beherskar ulike svømmeteknikkar.
— Me skal visa foreldre, besteforeldre og søsken kva me har lært, fortel Camilla Nordtveit Vestre etter at oppvisningsrunden i bassenget er over.
Niåringen har gått på svømmetrening i tre år og likar seg godt i bassenget. I løpet av det siste treningsåret har ho lært seg å venda, flyta på mage og rygg, og hoppa som ein ball frå bassengkanten.