Tysvær
Frå frisør til Hatteland
Latteren sit laust inne hos Bjørnsvik Frisør. Det er ein liten og intim salong i underetasjen på familiehuset. Her har Bente Kvinnesland Øvernes teke imot kundar med saks i handa og ein god dose småprat på lur. No er det derimot slutt. Etter 32 år i frisøryrket vel ho å lukka dørene og satsa på ei ny og meir økonomisk trygg retning vidare.
— Me bygde ut huset for 15 år sidan for å driva salong heimanfrå. Før det jobba eg på Spektrum i Haugesund – og fleire av kundane eg hadde den gong, har eg framleis. Berre i dag har eg hatt fire av dei innom, fortel Bente.
Det er siste arbeidsdag før eit nytt kapittel startar, og det er mange som ønskjer å gje ei helsing eller få ein siste klipp av lokalfrisøren.
— Dyktig
I stolen sit Anne Liv Stormo med nyklipt hår. Haugesundaren har vore fast kunde hos Bente sidan dei møttest på Spektrum.
— Eg har vore veldig nøgd med henne. Ho gjer som ho får beskjed om – og av og til gjer ho ikkje det – men då blir eg nøgd likevel! seier Anne Liv lattermildt, noko som smittar over på frisøren.
— Ho er veldig dyktig i jobben sin, legg Anne Liv til.
Dei blir avbrotne idet det går i døra og endå ein besøkande kjem inn med blomar. Hittil kan Bente visa fram både kunstverk og kopp, vin og bobler, blomar og meir til – alt gjeve av nøgde kundar. Alle blir ønskt varmt velkomne og får tilbod om både kake og makronar.
Ingen gullgruve
For å rekkja over flest mogleg før ho legg saksa på hylla, har ho 13 kundar mellom klokka 7 og 18 denne dagen.
— Det er heldigvis ikkje vanleg arbeidsdag – det har tatt litt av, ler Bente.
— Men det er ikkje ei gullgruve dette her. Det er tøft å driva smått, legg ho til, alvorleg.
Dyrtida er den største utfordringa. Det har blitt dyrt å driva, og ho har dei same utgiftene som ein vanleg salong.
— Eg føler eg har like mykje å gjera, men sit likevel att med mindre, erkjenner frisøren.
Det spelar delvis inn på avgjerda om å forlate faget.
— Det er sjeldan frisørar blir verande i yrket til dei pensjonerer seg. Eg tenkjer at eg før eller sidan må gjera noko anna, og med 17 år igjen av arbeidslivet, synest eg det er på tide med noko nytt.
Sikrar seg
Både Bente og kundane var førebudde på at onsdagen kunne bli ein dag med forseinkingar mellom timane. Med spontane besøk som har kome for å ta farvel og smaka på kaker, blir det ein annleis dag.
— Det er veldig koseleg. Og eg har varsla alle kundane om at det kunne bli forseinkingar i dag – og det blei det! Alle kundane eg har i dag har vore trufaste gjennom åra, så det er kjekt å avslutta med dei.
Ifølgje frisøren har ho vore kjempeheldig med flotte kundar. Det er ingen dårlege opplevingar eller prøvingar å trekkja fram.
— Korleis er det å slutta som frisør etter så lang fartstid? Er det vemodig eller oppløftande å gå over til noko anna?
— Det har eg prøvd å kjenna på. Eg hadde vel tenkt at det må kjennast godt å bli ferdig med dette kapittelet, men det har det ikkje. Det kjennest greitt å starta på noko nytt, men det er ikkje fordi eg er lei frisøryrket. Det er rett og slett for å sikra seg litt inn mot pensjonsalderen. Då kan eg like godt hoppa over på noko heilt nytt – så det blir spennande. Eg veit ikkje heilt kva eg går til!
Gjevande yrke
— Kva vil du rå nye frisørar til?
— Frisør er eit kjempekjekt yrke, og me er heldige som stort sett har fornøgde kundar, så det er eit gjevande yrke. Så det er i grunnen trist at det er så få som ønskjer å bli frisør no. Det skuldast nok i stor grad løna. Det burde vore høgare lønningar som kan bidra til at folk vil satsa på yrket.
— Korleis har responsen vore etter at du la ut meldinga om at du sluttar?
— Me har skrike! skyt kunde Målfrid Askeland inn frå sidelinja.
— Eg visste det var mange som ikkje kom til å lika det, men samtlige har gjeve veldig respons. Det har vore tårer, og eg hadde ikkje drøymt om at så mange har sett pris på meg. Det har vore fine tilbakemeldingar, og eg kjenner det er trist at eg ikkje skal ha den kontakta med dei lenger.
Tidlegare i veka publiserte Bente eit innlegg på Facebook der ho gjekk ut med nyheita. Der gjev ho uttrykk for at ho kjem til å sakna alle samtalane, det å løysa verdsproblem og alle latterkulene.
— Ein blir ofte kjent med kvarandre og snakkar på ein måte ein nok ikkje hadde gjort utanom. Det er nok veldig annleis her inne i forhold til andre salongar, der ein kjem tett på kvarandre. Ringer ein kunde og seier at ho ikkje kan koma til timen halv tolv likevel, men kan klokka tolv neste dag, så prøver eg å flytta og omrokera for å få det til. Eg har hatt mange barn og ungdom innom, som ein følgjer opp gjennom alle aldrar. Det er kjekt, utdjupar ho til Bygdebladet.
God humør
For Anne Liv og dei mange andre kundane inneber yrkesskiftet at dei må finna seg ein annan frisør.
— Er ein fornøgd med frisøren, så blir ein jo. Ein blir jo i så godt humør hos henne – for det er alltid så gode kommentarar! Men no er det slutt, så då får ein finna nokon andre, seier kunden med eit smil.