Sigfred Haakull og Odd Steinar Kvinnesland markerer nivåskilnad langs deler av Skjoldavikvegen. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sigfred Haakull og Odd Steinar Kvinnesland markerer nivåskilnad langs deler av Skjoldavikvegen.
Dumpar og groper pregar deler av vegen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dumpar og groper pregar deler av vegen.
Etter planen skulle heile vegen hatt fortau, men i dag manglar dette på store deler av vegen Foto: Irene Mæland Haraldsen
Etter planen skulle heile vegen hatt fortau, men i dag manglar dette på store deler av vegen
Deler av vegbanen har sige.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Deler av vegbanen har sige.

Fortvilar over dårleg veg i Skjold

Deler av Skjoldavikvegen i Skjold er så dårleg at bilførarar bryt køyrereglane for å unngå dei verste dumpane. Nå meiner bebuarar langs vegstrekninga det er på høg tid med ei oppgradering.

Publisert Sist oppdatert

— Når folk kjem køyrande frå Vikaneset svingar dei over på feil side for å unngå dumpane, seier Sigfred Haakull og Odd Steinar Kvinnesland med adresse Skjoldavikvegen.

Dei to naboane bur tett inntil den tidlegare hovudvegen og får dagleg erfara kva følgjer den dårlege vegstandaren har å seie for alle som ferdast på vegen. Groper, høgdeforskjell i vegbanen, hol og dårleg drenering er blant manglane som gjer deler av vegen lite køyrevenleg. Årsaka til problema oppstod for mange år sidan og har berre auka med åra.

— I 2006 grov dei opp vegen og la ned vatn og kloakk. Det såg bra ut den første tida etter at det var nyasfaltert, men nå har det blitt verre og verre, seier dei.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS