Bildeserie
Første fullskalaøving ved omsorgssenteret
Det vart utløyst alarm rundt klokka 17 i den gamle fløya av omsorgssenteret. Effektane var både med alarm, røyk og straumbrot. Dette gjorde at ein møtte låste dører som røykdykkarar måtte ta seg fysisk gjennom med å brekka dei opp – noko dei faktisk gjorde!
Mannskapa er medvitne om at den gamle fløya ikkje er i bruk, men verre blir det når alarmen går i den nye delen kor det er fullt belegg. Dei hjelpetrengande er der blitt bytta ut av tilsette som skadde statistar.
Statistane hadde ulike lidingar, og dei oppførte seg som reine skodespelarane etter kva diagnose dei var blitt fortalt å ha.