Her kjem butikken. Eduardas Marcinkevicius er den første av fleire aktørar som skal inn i det tidlegare meieriet i Etne. I tillegg til kontor, skal han ha ein stor butikk for fliser, skifer og ein del byggevarer.
Foto: Arne Frøkedal
Først ute i handverksenter
Eduardas Marcinkevicius i Skånevik Byggservice er ein fleire aktørar som er klar for det nye senteret for handverk i det tidlegare meieriet i Etne.
I 2006 flytta Rema 1000 frå Meieriplassen kjøpesenter og over i Etne senter. Det førte ganske raskt til kroken på døra for forretningar i det tidlegare meieriet.
I dei åtte åra som er gått, skjedde det svært lite i bygningen, og eigarane har i dei seinare åra bygt leilegheiter på den romslege tomta rundt meieriet.