Det nye tilbygget ved Lundeneset vgs ruvar godt i terrenget. Her er det godt med plass både til undervisning og sosiale samankomstar. Med massive murelement i første etasje og med berande konstruksjon av stål i andre høgda, i tillegg til tilnærma vedlikehaldsfri trematerial til vern mot vêr og vind, vil den nye bygningen i sjøkanten stå stødig i åra som kjem. Store vindaugsflater ynskjer fjell og fjord velkomen inn i storstova, og frå verandaen langs sjøsida av huset kan ein nyta den storslåtte utsikta i fulle drag.
— Me er veldig nøgde med uttrykket og slik huset blei til slutt, seier rektor Gustav Løge Fosse og viser fram bygningen som stod ferdig til skulestart.
— Det har vore eit ynskje om ein større sal i nærmare ti år. Nå har me fått både storsal, klasserom i kjellaren og større matsal som ligg vegg i vegg med møtesalen. Det lettar servering, seier han.