Europakommisjonens hovudkvarter i Belgia. Fleire nordmenn ønskjer at Noreg skal bli med i EU.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Fleire vil at Noreg skal bli med i EU
Kvar fjerde nordmann vil at Noreg bli medlem av EU, viser ei ny spørjeundersøking. Det er ein auke samanlikna med tidlegare år, men langt unna fleirtal.
Sidan 2016 har Forskningsstiftelsen Fafo undersøkt nordmenns haldningar til EU-medlemskap og EØS-avtalen.
I 2024 er det 25 prosent som vil bli medlem av EU, ein auke frå 13 prosent i 2016 og 14 prosent i 2019.
Andelen som ikkje vil vere medlem, men behalde EØS-avtalen er redusert frå i overkant av 60 prosent i 2016 og 2019, til 39 prosent i 2024.