Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kåre Heggebø går av grunna åremålsreglane i Norges Fiskarforbund.
Karin Fransson Heggebø og Kåre Heggebø i den gamle nottørka som har vore i familien Heggebø i fleire generasjonar. No er den ein integrert del av eigedomen deira i den gamle båthamna i Ølen.

Fiskarsjefen kjem heim

Publisert Sist oppdatert

Dei ti siste åra før han blei nasjonal leiar av fiskarlaget, var kona Karin Fransson Heggebø (64) med som fiskar. Kåre Heggebø (65) har vore fiskar heile sitt liv.

— Rett nok var eg to vintrar tidleg i yrkeslivet på fraktebåt. No skal eg tilbake til fiskaryrket, seier han.

Den skuleflinke ølensbuen hadde ikkje tålmod til å gjera seg ferdig med dei tre gymnasåra i det første kullet av det som etter kvart blei Ølen vidaregåande skule. Han visste at han skulle bli fiskar. Leiareigenskapar og administrasjon fekk han bruk for som tillitsvald allereie som 20-åring. Etter åtte år som nestleiar i Norges Fiskarlag, blei han i 2021 vald til heiltidsarbeidande styreleiar i Trondheim.

Powered by Labrador CMS