Fatland og Coop med tre gullmedaljar i NM i kjøttprodukter.
Glade vinnarar: Severin Fatland frå Fatlandkonsernet (f.v.), Arne Merkesdal frå Vossakjøt, Jeanette Engstrøm som er marknadssjef i Fatland Salg, Bjørn Engen Haugan frå Oppdal Spekemat, Synnøve Steffenssen i Coop, Stig Pedersen som er FoU-ansvarleg i Fatland, Roar Stentun som er dagleg leiar i Fatland Salg, Linda Remen i Coop, Ole Sigurd Snekvik i Coop og Per Einar Johansen som er dagleg leiar i Fatland Sandefjord.

Fatland sentral på medaljefest

Fatland-konsernet forsynte seg i lag med Coop godt av medaljane under kjøtbransjens NM-kåring denne veka. Produktet Coop Lutefiskbacon, som blir produsert i Ølen, gjekk heilt til topps.

Publisert Sist oppdatert
Coop og Fatland plukka til saman femten medaljar, og tre av desse var av gjevaste valør.
Ølen-konsernet og Coop takkar i ei pressemelding lokale bønder og tilsette for innsats med gode råvarer.
— Dette er fantastisk kjekt, og det blir ein ordentlag motivasjonsboost for alle i Fatland og Coop, seier Dorthe Gill Brudvik, direktør for eigne merkevarer i Coop Norge.

Mange produkt

Brudvik seier at det var 550 påmelde produkt, så derfor tar dei dette som ei stadfesting av at dei utviklar kvalitetsprodukt med kjøt frå norske bønder.
Konsernsjef Vidar Fatland er òg stornøgd.
— Dette er ei stor anerkjenning for våre tilsette. Kvar medalje er eit resultat av godt handverk, erfaring og nøyaktigheit i heile produksjonen. Me legg mykje arbeid ned i å levera trygg og god mat, og det er motiverandre å sjå produkta våre hevda seg i så tøff konkurranse, seier konsernsjefen oppvaksen i Sandeid, men med hovudbase ved Fatland Jæren i Hommersåk.
Vidar Fatland trekk og fram ein tydeleg takk til bøndene for råvarene slakteria får jobba med kvar dag.
— Kvaliteten byrjar på garden, og utan eit sterkt norsk landbruk kunne me ikkje ha laga desse produkta, seier han.

Viktig

Konkurransen blir arrangert årleg av Kjøtt- og Fjørfebransjens Landsforbund.
— NM i kjøttprodukter er bransjens viktigast arena for fagleg tilbakemelding og kvalitetsvurdering, seier Svein-Erik Eide, kommunikasjonsansvarlig i KLF.
Fatland er Coop sin hovudleverandør av kjøtprodukt, og ein stor del av produkta blir selde som Coop sine eigne merkevarer.
Dei andre to Fatland-produkta som fekk gullmedalje, i tillegg til lutefiskbacon frå Ølen, var Coop Pinnekjøtt urøkt og Henriettes Pinnebog urøkt. Begge dei produkta blir produsert ved Fatland sitt anlegg i Hommersåk.
Det er 64 bedrifter bak dei 550 kjøttprodukta som har kjempa om medaljane som blir bestemt av ein jury beståande av 26 erfarne fagfolk.
Powered by Labrador CMS