Anne-Margrethe Eidhammer er avhengig av fasttelefon.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Får truleg mobildekning og fiber i haust
Under eit nyleg kommunestyremøte fortalde Guri Ravatn (SV) at det er bygd ei ny mobilmast som er klar til bruk, og at ein berre ventar på BKK, som skal gjere dei siste installasjonane før masta kan kome i drift. Prosjektleiar Pål Lukashaugen i dekningsavdelinga i Telenor ønskjer å kome med ei lita presisering:
— BKK skal levere straum, medan me skal levere fiber og samband til masta. Fiber og samband kjem truleg i tredje kvartal, fortel Lukashaugen.
Telenor satsar på å bli ferdige med arbeidet sitt før vinteren kjem. Lukashaugen seier at det er gledeleg at dekninga no kjem på plass.