Eit lagbilete stappa fullt av optimisme for Aksdal Senter. Frå venstre: Tomas Lien, Anna Lien, Frode Yrke, Mariann Størksen, Tina Skorpetveit, Svein Kåre Edland og Elisabeth Brekke Førland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Eit lagbilete stappa fullt av optimisme for Aksdal Senter. Frå venstre: Tomas Lien, Anna Lien, Frode Yrke, Mariann Størksen, Tina Skorpetveit, Svein Kåre Edland og Elisabeth Brekke Førland.

Tysvær

Endeleg klarsignal for utbygginga av Aksdal Senter: — Dette er ein stor dag for oss

Publisert Sist oppdatert
— No ser me berre framover, og i neste veke startar me utbygginga på om lag 500 kvadratmeter med nye lokale der me skal doble arealet til polet og få på plass serveringsstadene me har snakka så varmt om lenge. Dei siste avtalane med kommunen er på plass, me har kjøpt resten av arealet, og no er det klart for utbygging, seier Svein Kåre Edland.

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.

To utbyggingsprosjekt

Det har vore mange saker i avisene om denne utbygginga. Ofte optimistiske og med ei kjensle av at nesten alt har vore på plass.

— Det har vore slitsamt, men då er det ekstra kjekt å kunna informera om at alt er klart. For senteret er dette ein merkedag der me, som Svein Kåre seier, no kan sjå framover. Me har to utbyggingsprosjekt som er klare, men me startar med det som ligg mellom dagens Vinmonopol og inngangen til Meny. Så kjem det vidare mot sør rundt inngangen der, etter kvart. Me gler oss, og har store forventningar, seier senterleiar Elisabeth Brekke Førland.

Svein Kåre Edland og Elisabeth Brekke Førland hadde som vanleg mykje å snakka om. I dag var ein gledens dag for dei begge.

Fredag

Det er tysværbuen og byggeleiar Frode Yrke og selskapet All10 som skal starta på gravejobben.

— Me satsar på å koma i gang med å sperra av området midt i neste veke og har sett oppstart til neste fredag. Det er veldig tett dialog og tydelege forventningar til opning av det nye arealet før jul, og det skal me ta på alvor. Me er sjølvsagt spente på kva som er i bakken. Når ein har grave i Aksdal tidlegare har det dukka opp litt av kvart, smiler Yrke.

For Edland har ventetida òg gått med til å få på plass fleire leigetakarar.

— Me har fleire namn som me kan sleppa om kort tid. Både dei og me har venta på at alt skal vera på plass. Det er det i dag, og det er difor me står her og smiler. Me gler oss til dei neste månadene, og før jul skal polet opna nye og store lokale. I tillegg blir det matservering her med fleire typar mat, og me håpar å få på plass ein restaurant med alkoholservering til maten. Me skal vera eit moderne senter, og då treng me meir plass. Den jobben startar no, smiler Edland i kjent stil.

Powered by Labrador CMS