Eit barndomsminne

Guten som var i lag med meg hadde fått seg ein ny stor båt, som […]

Publisert Sist oppdatert

Guten som var i lag med meg hadde fått seg ein ny stor båt, som bror min hadde laga til han. Han var flink å laga båtar. Det var fint vêr heile dagen, så me gjekk heim frå båtane om kvelden. Men då det lei mot natta, kom uvêret. Då me kom ned til elva morgonen etter , var båtane våre borte, og me fann dei aldri att. Då guten som var med vart vaksen, reiste han til Amerika. Han vart 60 år før han kom heim på besøk. Då eg snakka med han, fortalde han at han kunne ikkje gløyma den fine båten som forsvann i elva. Det var eit av dei triste barndomsminna.

Ingvald Åsheim

Powered by Labrador CMS