Sven Ivan Idland Bokn hadde ein lang veg til han var ferdig utdanna, men det best rådet han vil gi dagens ungdom - er å ikkje forhasta seg, men å følgja draumen.Foto: Privat
Sven Ivan Idland Bokn hadde ein lang veg til han var ferdig utdanna, men det best rådet han vil gi dagens ungdom - er å ikkje forhasta seg, men å følgja draumen.
Sven Ivan Idland Bokn har utvikla eit KI-basert audioguide-system for museum i samarbeid med Innovasjon Noreg, men systemet har litt breiare nedslagsfelt enn berre museum.
Sven Ivan Idland Bokn har utvikla eit KI-basert audioguide-system for museum i samarbeid med Innovasjon Noreg, men systemet har litt breiare nedslagsfelt enn berre museum.
Her kan publikum stå å kikka på utstillinga, og få informasjon rett i øyra via appen
Her kan publikum stå å kikka på utstillinga, og få informasjon rett i øyra via appen
Sven Ivan Idland Bokn inviterer folk til å testa ut den nye audioguiden
Sven Ivan Idland Bokn inviterer folk til å testa ut den nye audioguiden

Yrke og utdanning

Ein uvanleg veg til suksess

— Ikkje ver redd for å feila, er Sven Ivan Idland Bokn si melding til ungdommane som er på veg ut av reiret. Sjølv gjekk han frå tømrar og brønnborar-draumar til å bli matematikar med masterutdanning og vidare spesialisering innan kunstig intelligens.

Publisert Sist oppdatert

Historia til 35-åringen viser at vegen til målet ikkje alltid er rett, og at det er heilt greitt å feila undervegs. Etter grunnskule og ungdomsskule i Skånevik starta Sven Ivan på musikklinja på Stord, driven av kjærleiken til gitaren. Men han oppdaga raskt at det var meir kor enn gitarspel på timeplanen, og interessa dala. Han skifta til VG1 Bygg og anlegg på Stord, og gjekk der eit år. Då han skulle starta på VG2 Tømrarlinja i Ølen, fullførte éin dag før han fann ut at det ikkje var det han ville likevel.

Han satsa heller på litt lengre læretid, og starta som tømrarlærling i Haugesund. Etter eit år i tømrarfaget, droppa han ut, og ville heller prøva seg på teknikk og industriell produksjon på Tesdal i Etne. Då gjekk han med draumar om ein karriere i oljeindustrien.

Sven Ivan Idland Bokn inviterer folk til å testa ut den nye audioguiden

— Eg fekk ikkje plass på brønnboringslinja i Bergen, sjølv om både rektor og rådgjevar kjempa for meg. På dette tidspunktet hadde eg brukt opp studieretten min, og fekk ikkje plass. Det var eit nederlag, men eg lærte mykje av det, fortel Sven Ivan.

Nytt forsøk i Bergen

Draumen om eit arbeidsliv i olja blei lagt på hylla, men Sven Ivan flytta likevel til Bergen. Han tok påbygg og realfag ved Bergen katedralskule, med ein plan om å studera fysikk på universitetet.

— Eg har alltid vore interessert i fysikk, men det var mattelæraren min som endra retninga mi. Han fekk meg til å sjå at matematikk faktisk er språket ein brukar for å beskriva fysikken, og det var ein stor augeopnar, seier han.

Her kan publikum stå å kikka på utstillinga, og få informasjon rett i øyra via appen

Då heller ikkje universitetsdraumen gjekk i oppfylling på første forsøk, tok Sven Ivan ein pause og byrja å jobba i butikkjeda XXL.

— Det gjekk ikkje som planlagt og eg måtte ta ein omveg. Det var likevel heilt greitt, for eg fekk mykje arbeidserfaring og tid til å tenka på kva eg verkeleg ville, seier han.

Berkeley i California

I 2014 fylte han 25 år, og bestemte seg for å prøvde seg på universitetet igjen, og denne gong kom han inn på matematikkstudiet. I overgangen mellom bachelor og masterstudiet, tok han eitt semester utveksling ved Berkeley i California. Han sende inn ein enkel søknad og blei nominert av matematisk institutt ved Universitetet i Bergen til å få ein av plassane der. Som ein av få norske matematikkstudentar, kom han inn på det prestisjetunge universitetet.

Sven Ivan Idland Bokn har utvikla eit KI-basert audioguide-system for museum i samarbeid med Innovasjon Noreg, men systemet har litt breiare nedslagsfelt enn berre museum.

— Det var eit ganske spontant påfunn, men når tilbodet først sto der, kunne eg ikkje takka nei til det. Berkeley er eit av dei fremste universiteta for matematikk i verda, så denne moglegheita kunne eg ikkje la gå frå meg, seier Bokn.

Kvar einaste dag då han gjekk til universitetet, kjende han på stor takksemd over å vera student ved Berkeley.

— Nokre av lesesalane der var like fulle på nattetid som på dagtid, og eg har aldri vore omringa av så mange smarte menneske på ein og same stad. Studia mine bestod hovudsakeleg av teoretisk matematikk, og det var her eg først fekk augo opp for fagfeltet kunstig intelligens. Det blei snakka mykje om dette i lunsjpausane og om kvifor alle skulle studera dette nå, seier han.

Målet var å få mastergrad i matematikk innan han var 30, og det klarte han akkurat då han i 2019 var ferdig utdanna. Han tok like godt eit ekstra år med vidareutdanning innan kunstig intelligens.

Gründer med KI-produkt

Vegen ut i yrkeslivet gjekk først via både bank og eigedomsbransjen. Dei først par åra jobba han som data-scientist innan bank og finans, og dei neste par åra laga han prismodellar for å estimera prisar på eigedommar. Men så kom KI-bølgja kastande innover land, og Sven Ivan tenkte at denne bølgja måtte han berre hiva seg på. Han kunne ikkje stå i ro på sidelinja, og før han visste ordet av det hadde han starta opp ei bedrift for seg sjølv – utan å ha ein reell plan. Det blei likevel eit gjennombrot for han, for i dag driv Sven Ivan sitt eige selskap og utviklar eit KI-basert audioguide-system for museum i samarbeid med Innovasjon Noreg, men systemet har litt breiare nedslagsfelt enn berre museum. Det er bygd for kulturformidling hos museum, turistinformasjon, dyreparkar og liknande i første omgang. I framtida er også tanken å utvida til andre kundegrupper.

— Me brukar kunstig intelligens til å automatisera prosessar på berre nokre minuttar. Dette tok tidlegare månadar å utvikla. Me skreddarsyr opplevinga for publikum, forklarar han, og legg til at målet er å utvikla løysinga vidare slik at audioguiden kan kommunisera direkte med publikum – nesten som ein avansert versjon av den velkjende Siri.»

Råd til ungdom

Sven Ivan meiner at frykta for å feila hindrar mange unge frå å følgja draumane sine. – Det er heilt greitt å feila. Du treng ikkje ha alle svara når du er 16 eller 18 år. Prøv deg fram, ta omvegar og utforsk ulike vegar. Det viktigaste er å finna noko du brenn for, seier han. Han meiner også at det er viktig å ta eigne val, ikkje berre følgja forventningar frå andre. – Jobben du vel, påverkar livet ditt. Sørg for at du finn noko som gir meining for deg, både på jobb og i privatlivet.

I dag bur Sven Ivan i Kristiansand, ein by han valde etter å ha utforska han med VR-briller før han faktisk reiste dit.

– Eg visste ingenting om Kristiansand, men eg tok sjansen. Nå har eg eit godt liv her med jobb, klatring og sambuar, seier han. Han drøymer om å bli økonomisk uavhengig innan ti år, slik at han kan ta opp igjen forskingsplanane innan kunstig intelligens. – Livet er for kort til å ikkje følgja draumane sine. Ikkje ver redd for å feila – for det er nettopp gjennom feila du finn ut kva som verkeleg betyr noko, avsluttar Sven Ivan.

Powered by Labrador CMS