Denne gjengen er ikkje i tvil. Skjoldastraumen treng fleire hus, og då må ein få på plass ei løysing med vatn- og avløpssystem. I dag er dette eit problem, og det er ikkje kapasitet til å ta unna meir. Frå venstre: Rune Baustad, Thomas Finshus, Håvard Nordtveit, Helge Lilleskog, Olav Straum, Karina Bjørnevik Julbø og Tiril Kallekodt.
Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
«Draumen» er fleire hus i Skjoldastraumen
Håvard Nordtveit frå Vats og fleire initiativtakarar står på toppen av Bådsvikfeltet med god utsikt over heile Skjoldastraumen. Skjoldastraumen Utvikling har ein draum om å byggje minst 16 nye bustader i bygda.
— Skjoldastraumen står framfor ein spennande vekstperiode. Etter etableringa
av Skjoldastraumen Utvikling i januar 2025, er det no sett fart på planane som
skal trekkje nye innbyggjarar til bygda og leggje til rette for framtidige
byggeprosjekt. Selskapet vårt vart etablert med eit klart mål: å styrkje
attraktiviteten til bygda gjennom aktiv marknadsføring, synleggjering av
bustadfordelar og tilrettelegging for nye bustadområde. Dette arbeidet gir
allereie resultat. No har me fått med oss enkeltpersonar og grupper med
entusiaster som verkeleg vil noko. Me håpar på gode svar frå kommunen etter
nyttår, seier leiar i selskapet, Rune Baustad.
Saman med Baustad møter Tysvær Bydeblad ein
gjeng med kjendfolk i bygda: Olav Straum, Helge Lilleskog, Thomas Finshus og vatsbuen
Håvard Nordtveit, som bur i Skjoldastraumen. Også styremedlemmene og naboane
til dei ti tomtene i Bådsvikfeltet, Tiril Kallekodt og Karina Bjørnevik Julbø,
er på plass.
— Skjoldastraumen har mange flotte regulerte
område som både er solrike, lune og har nærleik til natur, fjord og eit aktivt
lokalmiljø. Me ønskjer å visa fram alt det me veit bygda har å by på, seier
byggmeister Thomas Finshus.