Yrke og utdanning
Dette vil dei søkje på
Søknadsfrist for vidaregåande utdanning nærmar seg. Grannar har spurt tiandeklassingar om kva vidaregåande tilbod dei kan tenkja seg å søkja på.
Grannar har stilt dette spørsmålet til 11 elevar ved Skjold skule og Enge skule:
— Kva vil du søkja, og kvifor?
Maria Stene Bauge (15), Vikebygd
— Eg er ikkje heilt sikker, men eg har tenkt litt på naturbruk.
Heine Nes (15), Vikebygd
— Eg skal søkja TIF eller byggfag i Ølen. Eg vil ut i lære så fort som mogleg.
Even Bauge (15), Skjold
— Eg skal enten søkja TIF eller naturbruk på Bømlo eller Tau. Eg vil ha eit praktisk fag, og det verkar gøy å jobba i fiskeoppdrett.
Alva Innvær (15), Vats
— Eg er litt usikker, men eg trur eg vil landa på helse i Ølen. Eg trur det passar meg best. Eg likar å vera sosial, snakka med folk og lytta.
Kristian Børre (15), Vats
— Eg har tenkt på restaurant og matfag. Eg tenkjer det vil vera interessant å laga mat og jobba i Nordsjøen.
Antonia Wybraniak (15), Skjold
— Eg skal søkja studiespesialisering i Haugesund. Eg er interessert i realfag.
Maria Sølvberg, Etne
— Eg vil søkja på Toppvolleyball Norge på Sand, fordi eg synest det er kjekt å spela volleyball, og eg vil sjå kor langt eg kan koma.
Inger Sofie Håland, Etne
— Eg vil søkja på kunst og design, først og fremst i Stavanger. Eller så vil eg søkja på yrkesskule for frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign. Fordi eg vil bli interiørarkitet.
Kristine Wold-Flokketvedt, Etne
— Eg vil gå på idrett på Framnes vidaregåande. Det er ein kristen internatskule i Norheimsund. Eg kan sjølvsagt gå studiespesialisering, men eg har lyst å ha meir idrett inn i kvardagen.
Mohammed Alwaked, Etne
— Eg skal søkja på Haugesund Toppidrettsgymnas. Eg har lyst å sjå kor langt eg kan koma i fotballen, og eg har høyrt at skulen er bra.
Orvar Mømb Hammersland
— Eg skal søkja på bygg og anlegg i Ølen. Fordi eg synest det er kjekt å byggja ting, og det interesserer meg.