Laksefisket er stansa i 33 norske elvar, men det blir ingen kompensasjon for ramma bedrifter. Her frå Numedalslågen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Laksefisket er stansa i 33 norske elvar, men det blir ingen kompensasjon for ramma bedrifter. Her frå Numedalslågen.

Det blir ingen kompensasjon til næringa etter stans i laksefiske

Publisert Sist oppdatert
Årets laksefiske er stansa i fleire elvar i Sør-Noreg og kan bli stansa i elvar over heile landet. Det blir inga kompensasjonsordning for dei ramma.

Langs elvane er det fleire hotell og gardar som vanlegvis tek imot fiskarar frå inn- og utland. Dei opplever no avbestillingar frå gjester og dermed tapte inntekter, skriv E24.

Miljødirektoratet har stengt laksefisket i 33 elvar sør for Nordland. Dei skal ta ei ny vurdering av situasjonen 5. juli.

Venstre-leiar Guri Melby har stilt spørsmål til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) om på kva måte regjeringa vil kompensere berørte aktørar for bortfall av inntekter som følgje av Miljødirektoratets vedtak».

– For alle praktiske formål vart laksefisket stengt med nærast omgåande verknad, utan dialog først og med mogleg store økonomiske konsekvensar for grunneigarar, reiselivsnæring og anna lokalt næringsliv, skriv ho i eit skriftleg spørsmål til Eriksen.

Planlegg inga kompensasjonsordning

No har klima- og miljøministeren svart.

– Det eksisterer per i dag ingen kompensasjonsordningar for bortfall av inntekter på grunn av reguleringar av fisket, og regjeringa planlegg heller ikkje å innføre ei slik kompensasjonsordning, svarer han.

Terje Sørvik, som er vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag, slår fast at det lokale næringslivet står i ein veldig krevjande situasjon.

– Eg vil halde fram med å formidle vidare innspel og forslag som kjem både frå næringsliv og lokale politikarar til sentralt nivå, seier Sørvik.

– Oppdrettsnæringa må finansiere kompensasjonsordning

Også Raudt og SV meiner det er på sin plass med kompensasjon, men dei meiner ordninga må finansierast av oppdrettsnæringa.

– Vi har stor forståing for kravet om kompensasjon frå elveeigarar og andre som taper pengar på stansen i laksefisket. Derfor vil vi be regjeringa opprette eit kompensasjonsfond som kan gi støtte til dei som no lid økonomiske tap, seier Lars Haltbrekken i SV.

Raudt meiner det er svakt av regjeringa å seie nei til kompensasjon.

– Laksebøndene mistar inntektsgrunnlaget sitt, mellom anna på grunn av oppdrettsnæringa. Det burde vere ei smal sak for regjeringa å varsle at dei innfører ei kompensasjonsordning som oppdrettsnæringa bidreg til å finansiere, seier stortingsrepresentant Seher Aydar.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS