Frå papirarkivet
Country, hygge og helgejobb
Overtakinga av heimegarden, ei skulereform og eit intervju om hestar. Tre separate hendingar saman førte til starten på Old River Saloon for 15 år sidan.
— Det aller viktigaste å få fram er kor utruleg kjekke ungdomane som går her på saloonen er. Ja, eg kallar dei ungdomane mine, for eg føler det slik. Foreldra kan vera stolte av dei unge som veks opp i bygdene rundt her nå, det er så mange kjekke ungdomar. Det er stas for å oss å få fylgja dei gjennom ulike fasar av livet, dei vert litt vekke i etableringsfasen, men så kjem dei alltid tilbake seier eigar og dagleg leiar Aslaug Olden Mala (73), også kalla saloonmamma.
Starten
Aslaug Olden Mala hadde tatt over heimegarden som ligg like ved Etne stadion og dreiv med hestar. Så kom skulereforma som sendte seksåringane på skulen og det vart behov for utbygging på Enge skule. Den gamle marknadshallen som stod der måtte fjernast, kommunen kjøpte den og la den ut for sal og Mala fekk tilslaget. Murfundamentet vart støypt nede på garden og hallen vart frakta ned i tre delar.
— Atle Rosseland sette hallen saman for meg og det er han som har tatt seg av alt arbeidet med inventaret. Me har hatt eit godt samarbeid. Han innreia den til tolv hestar med vaskehall og alt. Den delen som nå er saloonen var berre eit tomt skall, fortel Mala.
Det var i eit intervju med Haugesunds Avis at ideen om ein saloon for fyrste gong kom ut. Journalisten som skulle skrive om stallen, lurte på kva resten av bygget skulle brukast til, og litt på fleip svara Mala at det skulle bli ein saloon. Overskrifta i avisa vart Og her kjem saloonen».
Frå tomt skall til saloon
Sommaren 1999 starta bygginga av saloonen. Ei gammal løe i Sandeid frå 1827 vart kjøpt, demontert og frakta til Etne. Nesten alt av materiale vart nytta i den nye saloonen. Dei sette seg som mål at saloonen skulle opnast same året slik at den var frå førre år hundre».
Aslaug og svigerdottera Gerd tok turen over til Amerika for å bli inspirerte. Dei var i Nashville, Memphis, Dollywood og såkalla road house». Dei handla og let seg inspirere av den amerikanske country kulturen.
— Eg kan ikkje hugse kor mykje eg hadde med meg bort til Amerika, men det var sikkert éin koffert. Den dagen me landa på Sola måtte eg ringe til mannen, min Ola for å få han til å komme å hente meg, og då måtte han ta med tilhengjar. Ja, det vart litt overvekt på den turen, fortel Mala med eit lurt smil.
Mykje av det ho hadde med er i dag plassert i bustadhuset som ligg like ved saloonen. Der har dei pussa opp og gjort det meir western-inspirert, men behalde sjela til huset. Det vert mellomanna nytta av artistar.
Gode råd
Det vart søkt pengar og støtte gjennom det som i dag er innovasjon Norge, Inger Karin Larsen var ei viktig brikke i denne prosessen. Etter ein prat med sin gode venn, hotelleigar og investor Kristian Eidesvik i Haugesund, fekk den ferske bar- og salooneigaren tre tips som ho har drive etter i alle desse åra.
Innrei slik at det vert intimt uansett om det er 40 eller 400 gjester. Ver tru mot konseptet ditt. Og bygg opp ein buffer til dårlegare tider. Dette er oppskrifta til den suksessen Old River Saloon nå kan sjå tilbake på. Etter tips frå Reidar Brendeland i Vestlandsfanden vart det også søkt om lydutstyr via Musikkutstyrsorningen.
— Fyrst fekk me utstyret på lån mot at me betalte forsikringa, men så ein dag, eg trur det kanskje var på julaftan eller like før, fekk me beskjed om at me kunne få overta alt utstyret. Så nå har me eit nokså nytt anlegg til om lag 1,5 million kroner som banda kan nytta. Dette sparer me mykje pengar på og er svært glade for, seier 73-åringen.
Familiebedrift
Aslaug Olden Mala er og har alltid vore ei travel dame. Fram til 2006 var ho ansvarleg redaktør i Grannar samstundes som ho var eigar av saloonen. Sonen Sverre og hans dåverande kone Gerd, stod for drifta, men dei trekte seg ut etter eit par år. Det var vanskeleg å kombinere familieliv med bardrift. Men Sverre er endå å sjå på saloonen frå tid til annan, blant anna på scena i husbandet Amerikalinjen. Fleire av borna og nå barnebarna har vore innom i periodar blant arbeidstokken. Og ektemannen Ola (78) er endå med i den daglege drifta.
— Det er slik at eg kvir meg når kvelden sig på og tenkjer at det hadde vore godt å vera heima, men når me fyrst har komme oss ned hit og er i gang, så angrar eg ikkje. Det er så mange kjekke ungdomar og andre som kjem hit, at me alltid går glade heim, fortel Ola som trass i å vera godt oppe i åra, ikkje har nokon plan om å pensjonere seg.
Ryddar og pratar
Denne kvelden Grannar er på besøk er jubileumsmånaden godt i gang og det er venta mykje folk. Aslaug Olden Mala svinsar rundt frå bord til bord, vaskar, ryddar og slår av ein prat. Heile tida med eit vakent auga på kva som rører seg og alltid klar til å bryte inn om noko utartar seg.
Ektemannen som har ansvar for varebestilling, oppgjer og mykje anna, byrjar kvelden på kjøkkenet. Han hjelper til der det trengst og tar ofte turen ut blant gjestene saman med sjefen.
Dei om lag 30 andre som er på jobb denne kvelden, spring som piska skinn til langt på natt. Alle tre barane er opne, folk er tørste og humøret er på topp. Dei besøkjande kjem frå heile distriktet og stemninga står i taket. Return og Stagedolls leverer frå scenen.
Framtida
Både Aslaug og Ola Mala er det ein kallar godt vaksne», men dei har ingen planar om å gje seg med det fyrste. Dei har nye planar og nå fyrst er det oppussing av låven som står for tur. Dei har også nyleg starta eit samarbeid med Etne Camping om levering av mat og dette ynskjer dei å utvikle vidare.
— Me skal ha eit møte i januar for å drøfte nye planar. For å halde på, så må me stadig vera i utvikling, utvide og tenkje nytt. Me kjem til å drive på lenge endå, slår Aslaug Olden Mala fast og dimitterer alle rykte som seier noko anna.
