Bustad totalskadd i brann

Ein bustad i Nedre Vats brann ned til grunnen i natt.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding klokka 00.24 natt til sundag.

Dei fire som var i bustaden, to vaksne og to barn, tok seg ut på eiga hand.

Til sjukehus for sjekk

Ein av dei vaksne og dei to barna vart frakta til Haugesund sjukehus etter å ha pusta inn røyk, men det skal stå bra til med alle tre.

Det var sterk vind på staden, som ligg eit par kilometer sør for Knapphus langs Saudavegen, og brannmannskap hadde store problem med å få kontroll på flammane.

Halvannan time etter første melding kunne politiet melde at huset var brunne heilt ned. Berre grunnmuren står att.

— Brannvesenet har hatt grusame arbeidsforhold grunna vinden, seier operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Sør-Vest politidistrikt.

Berga andre bygningar

Det stadfestar fagleiar brann i Etne og Vindafjord brannvesen, Eivind Hetland.

— Me måtte konsentrere oss om unngå at brannen ikkje spreidde seg til ein garasje og ei driftsbygning like ved, fortel han til Grannar.

Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Powered by Labrador CMS