Fysisk aktivitet bra for psykisk helse, viser ny forsking. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK
Fysisk aktivitet bra for psykisk helse, viser ny forsking.

Betre psykisk helse med fysisk aktivitet

NPK: Fysisk trening er generelt bra for den psykiske helsa, men ei fersk undersøking frå Stavanger viser at trening kan ha motsett effekt for enkelte.

— Resultatet av undersøkinga viser tydeleg at meir fysisk aktivitet gir tydelege fordelar for den psykiske helsa, medan det for andre gav negativ effekt, seier Andreas Åvitsland ved Universitetet i Stavanger til NRK.

Forskingsprosjektet er gjennomført at Norges idrettshøgskule, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og Høgskulen på Vestlandet. 2084 niandeklassingar ved 29 ungdomsskular deltok i undersøkinga.

Ein del skular innførte to timar ekstra fysisk aktivitet i veka. Gjennom eitt år vart det målt korleis auka aktivitet spelte inn på den psykiske helsa.

Hos gutane vart det målt berre positive effektar, medan det var delt for jentene. Åvitsland seier at dei oppdaga at jenter der foreldra har god utdanning, fekk fleire psykiske plagar ved auka fysisk aktivitet.

Petter Aasen, som er idrettslærar ved Gosen skule, seier at han ikkje er overraska over resultata.

— Den gruppa jenter er dei som i alle samanhengar ynskjer å prestere. Når arenaene dei skal prestere på blir fleire, så blir det meir press. Utfordringa er at dei ikkje klarer å skilje mellom kva som er viktig og ikkje, seier han til NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS