Anna Vivelid (15) frå Bjoa blei noregsmeister i klatring i Tromsø sist helg. Foto: Norges klatreforbund
Anna Vivelid (15) frå Bjoa blei noregsmeister i klatring i Tromsø sist helg.

Beste klatrar i landet

Anna Vivelid (15) frå Bjoa gjekk i helga heilt til topps i NM i Tromsø, og blei både noregsmeister og vinnar av noregscupen samanlagt. Målet er å få konkurrera internasjonalt, og trenar Anders Kindlihagen har tru på 15-åringen.

Publisert Sist oppdatert

Sist helg blei det arrangert NM i klatring i Tromsø, og rundt 130 deltakarar fordelt på ulike klassar var representert. Blant desse var 15 år gamle Anna Vivelid frå Bjoa, som har kome som ein komet i klatremiljøet. Vivelid representerte den yngste klatre-klassen, og var best i alle rundane frå kvalifisering til finale.

— Anna gjekk to rundar med kvalifisering og etterpå var det åtte finalerundar. Her var ho best av alle og blei noregsmeister. Ho er i tillegg vinnar av noregscupen samanlagt, seier trenar Anders Kindlihagen frå Haugaland klatrelag.

Starta i Etne

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS