ILLUSTRASJONSFOTO
Ber folk om å ikkje bruke meir vatn enn nødvendig
Torsdag skreiv Skånevik Vassverk SA eit
Facebook-innlegg med tittelen «Viktig melding om vassforbruk». Dei skriv at det
for tida er lite vatn i fjellet, og viser til at det har vore lite nedbør, og
at det ikkje har vore varmt nok til å gi særleg effekt av snøsmeltinga. Dette
gjer at tilgangen på råvatn er lågare enn normalt.
— Me ber difor alle
abonnentar i Skånevik om å vere bevisste på vassbruken og redusere forbruket
der det er mogleg. Unngå unødig vatning, fylling av basseng og anna bruk som
ikkje er strengt nødvendig, skriv vassverket.