Terje Kristiansen leverer armeringsprodukt over heile landet. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Terje Kristiansen leverer armeringsprodukt over heile landet.
Jaroslaw Bielechi i arbeid med ein armering til ein trekkekum.Foto: Irene Mæland Harldsen
Jaroslaw Bielechi i arbeid med ein armering til ein trekkekum.
Terje Kristiansen har planar om å utvide bedrifta med ein ny fabrikk.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Terje Kristiansen har planar om å utvide bedrifta med ein ny fabrikk.
Denne maskinen kappar og bøyer etter mål.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Denne maskinen kappar og bøyer etter mål.
Terje Kristiansen har i mange år leigd inn Sigve Rafdal i Rafdal Transport når varelageret skal fyllast og ferdige varer skal fraktast ut til kundane. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Terje Kristiansen har i mange år leigd inn Sigve Rafdal i Rafdal Transport når varelageret skal fyllast og ferdige varer skal fraktast ut til kundane.
Stålet blir kjøpt inn frå eit jernverk i Mo i Rana. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Stålet blir kjøpt inn frå eit jernverk i Mo i Rana.

Bedrift i stadig utvikling

Han leverer det meste innan armering til bedrifter, entreprenørar og private over store deler av landet. Nå håpar Terje Kristiansen i Utbjoa Armering og Sveis AS på Utbjoa å utvida kundelista enda meir og siktar seg mot byggeindustrien.

Publisert Sist oppdatert

— Eg er i planleggingsfasen. Målet er å byggja ein ny fabrikk. Der blir det topp moderne utstyr med sveiserobotar og løysingar som sparar kroppen. Det blir ei stor investering, seier Terje Kristiansen og viser fram tomta like ved dagens fabrikkanlegg på Utbjoa der den omlag 1000 kvadratmeter store fabrikken er tenkt.

I den nye fabrikken skal Kristiansen produsera armeringsseksjonar til byggeindustrien som skal brukast til betongdekke og vegger.

— Me skal prefabrikera til byggeindustrien, seier han.

Terje Kristiansen har planar om å utvide bedrifta med ein ny fabrikk.

Stor utvikling

Industrieventyret på Utbjoa starta for snart 25 år sida, då Svein Kristiansen kjøpte bedrifta Primærtjenesten Bjoa AS som dreiv reparasjons-og sveiseverkstad. I 2008 kjøpte sonen Terje armeringsavdelinga i bedrifta og året etter stifta han Utbjoa Armering og Sveis AS ,der far og son i dag står på eigarsida. Sakte men sikkert har bedrifta utvikla seg til å bli ein leiande leverandør av armeringsprodukt til entreprenørar og bedrifter over heile landet.

Terje Kristiansen har i mange år leigd inn Sigve Rafdal i Rafdal Transport når varelageret skal fyllast og ferdige varer skal fraktast ut til kundane.

— Me har tatt steg for steg i produksjonen, og tatt inn kunde for kunde. Det har gått jamt og trutt oppover, men me hadde litt nedgang under korona og på slutten av 2024, seier dagleg leiar og eigar Terje Kristiansen som heile fire gonger har blitt kåra til årets gasellebedrift.

Jaroslaw Bielechi i arbeid med ein armering til ein trekkekum.

Produkt

Bedrifta har ei rikhaldig produktliste. I tillegg til å levera kommunalvarearmering til betongindustrien, produserer dei ferdigsveiste armeringsnett til flytebrygger og armeringskorger til vingemurar og kulvertar. På produktlista står også prefabrikerte kulvertar, søyler og dragarar, og skulle kundane ha bruk for ferdigkappa og tilpassa armeringsstål blir dette ordna i fabrikkhallen på Utbjoa. Bedrifta forhandlar også kamstål i ulike dimensjonar og skaffar rustfritt og galvanisert stål til sine kundar.

— Me leverer kommunalvarer som kummar og røyr til heile landet, og me leverer alt av armering til Ølen Betong og til flytebryggene til Etne Betong. Me har også fundament til dei nye kraftlinjene, seier Terje.

Stålet blir kjøpt inn frå eit jernverk i Mo i Rana.

Bedrifta brukar mellom 10 til 25 tonn stål i veka. Stålet blir kjøpt inn frå 7 Steel Service i Mo i Rana og frakta med båt til Bergen og vidare med bil til Utbjoa. Når den nye tømmerkaien på Utbjoa er ferdig håpar Terje å få leigd kaiplass slik at stålet kan bli frakta heilt til Utbjoa med båt.

— Eg håpar på sikt å få bruka den nye kaien, seier Terje.

Denne maskinen kappar og bøyer etter mål.

Stor arbeidsplass

Bedrifta som starta med eit par tilsette for snart 25 år sidan, har vakse seg til å bli ein av dei største arbeidsplassane på Bjoa. I fjor omsette bedrifta for 42 millionar kroner. Dei siste åra har omsetnaden halde seg rundt 30 til 40 millionar, og årets resultat ser ut til å enda på rundt 37 millionar.

I dag har Terje femten namn på lønningslista og fleire er undervegs. Mesteparten av arbeidarane er fastbuande på Bjoa eller i nærområdet, medan fire utanlandske arbeidarar pendlar frå Polen og Litauen.

— Eg skal tilsetja ny fabrikksjef som skal avlasta meg, og ein til å ta seg av kvalitetskontroll. Og når den nye produksjonen kjem i gang treng eg ein til to ekstra, seier han.

Samarbeid med NAV

Som så mange andre industribedrifter her til lands er bedrifta på Utbjoa på stadig jakt etter arbeidsfolk. For å sikra seg nye medarbeidarar har Kristiansen i fleire år samarbeidd med NAV og har tilsett folk som elles fell utanfor arbeidslivet.

— Det er viktig å inkludera dei som fell utanfor arbeidslivet. Ein får ei god kjensle når ein kan hjelpa, seier han.

Nyleg hadde besøk av NAV Vindafjord og Etne og NAV Marked Nord- Rogaland der mølet med besøket var å finna løysingar som kan bringa folk i arbeid.

— Håpet framover er å ha litt meir samarbeid med NAV, seier bedriftsleiaren på Utbjoa.

Powered by Labrador CMS