Faksimile frå Grannar 10. mai 2021
Debatt
Spør om Rullestad camping
Banksjef RAMSVIK: Har ikkje stressa noko med å få lagt eigedomen ut for sal».
Ja, slik les vi i Grannar utgåva av 10. mai i år. Rullestad campingplass har lagt brakk» allereie i månadsvis. Den ligg der klar til bruk , og er framleis like innbydande for dei som reiser forbi. Men, –dei kjører ned – ser at det er stengt- og reiser vidare.
Dette er andre gongen campingplassen blir stengd ned, og dørene» lukka. I si tid blei plassen etablert av eit aksjeselskap med eigarar i all hovudsak frå nærområdet. Det er lagt stein på stein fram til plassen fram står som han er i dag, og det er ikkje trong for investeringar for å gjenopne bedrifta.