Solid løp. Maryna Novik, IF Klypetussen i rygg på Elias Angell Spikseth.
Foto: Kondis/Kjell Vigestad
Viste storform på Sørlandet
IF Klyptetussen-løparen Maryna Novik gjennomførte eit svært solid langdistanseløp i Kristiansand fredag kveld. I Stadionmila sprang Novik i mål på 10.000 meteren på tida 35.22. Det er 43 sekund raskare enn hennar eigen klubbrekord frå NM på Hamar i fjor!
Novik låg ca. 250 m bak stortalentet Siren Amelia Seiler då det var ca. fire rundar igjen, og med to gode siste rundar, heldt Klypetussen sin uthaldande løpar på å ta igjen sine argaste konkurrentar i feltet.
Ifølgje kondis.no spurta Novik sterkt på nest siste runde, men oppdaga i siste liten at ho hadde endå éin runde igjen. Likevel blei det ei god avslutning der Novik greidde å passera Marianne Andersen, Kristiansand.