Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tung sesongstart for Ølen IL

Publisert Sist oppdatert

Før sesongen var Ølen rekna som ein av favorittane i 5. divisjonspulja. Hovudtrenar Nils Are Golf uttalte tidlegare til Grannar at han ville verta overraska om ikkje laget ville vera med å kjempa i toppen dette året. Det er ingen tvil om at laget har mange, unge og talentfulle spelarar som har spelt på høgt juniornivå dei siste sesongane, men laget har hatt eit brutalt møte med A-lagsfotballen i dei første kampane. Eitt poeng og 7-13 i målforskjell er fasiten etter tre kampar i 5. divisjon. Laget ligg allereie åtte poeng bak lag som Haugar og Djerv 1919 2. Sjølv om det er tidleg på året, brenn det eit blått lys for ei topp-plassering denne sesongen.

— Svak kamp

Angrepsspelet til Ølen IL er forsåvidt godt, og sju skåringar på dei første tre kampane er godkjent, men forsvarsspelet har vore under pari så langt. Det verkar litt for lett å skåra på laget, og det vert óg gjort fleire personlege feil som resulterer i baklengsmål.

Powered by Labrador CMS