Ilustrasjonsbilete av bål.
Adobe stock
Bålforbod frå 15. april – dette må du vite om reglane
Frå 15. april til 15. september gjeld det generelle bålforbodet i Noreg. I denne perioden er det forbode å gjere opp eld i eller nær skog og annan utmark, for å redusere faren for brann i tørre periodar.
I eit Facebook-innlegg onsdag oppmodar brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning folk om å vere ekstra merksame i perioden, og understrekar at all bruk av open eld skjer på eige ansvar.
Det er likevel lov å grille i eigen hage, så lenge det skjer på ein trygg måte.