Sport
Stor FKH-inspirasjon til lokale jenter
Fredag fekk cirka 60 jenter i alderen 10–16 år vere med på ei spesiell fotballøkt då FK Haugesund sitt damelag besøkte Ølen.
Ølen IL og FKH arrangerte saman ei pre-match-trening på Sparebank1 Sør-Norge Stadion i Ølen, etterfølgd av både grilling og fagleg påfyll.
Deltakarane fekk møte seks A-lagsspelarar frå FK Haugesund: Kristine Hustveit Nybru, Solfrid Hetleflåt Bråthen, Anniken Solstrand, Emilie Guddal, Linea Lundbo Jørgensen og Frida Kvale Aursland. I tillegg stilte hovudtrenar Ole-Petter Pedersen Bremstein og assistenttrenar Johannes Kvammen Kallevik på treningsfeltet.
— Me gler oss veldig til å besøkje Ølen. Når me møter HamKam på søndag, er det ein såkalla utvald kamp», der me prøver å gjera mest mogleg ut av oppkøyringa til kampen, og å halda ei pre-match-trening for ivrige fotballspelarar i Vindafjord på fredag er heilt perfekt. Det spirer og gror i fotballmiljøet i området, og me håpar å kunne inspirera spelarar som me heilt sikkert kjem til å stifta kjennskap med i FK Haugesund i framtida, sa Bremstein til FKH si nettside i forkant av besøket.