Dagleg leiar i Kraftmontasje, Espen Remme.
Privat
— Ein tung dag for alle
— Dette er ei veldig tragisk
ulukke og ein tung dag for oss alle. Tankane går til pårørande og alle som
jobba saman med den avdøde, seier dagleg leiar i Kraftmontasje Espen Remme.
Den tragiske ulukka der ein
mann i tjue-åra omkom, skjedde under arbeid på eitt av mastepunkta langs den
nye 420 kV linja mellom Blåfalli og
Gismarvik og alt arbeid på linja er stoppa.
— Arbeidet er stoppa fullstendig
inntil vidare, seier han.