Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Halfdhan Krohn Brekke er ny kommunedirektør i Vindafjord.

Ny kommunedirektør er klar

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyste ordførar Ole Johan Vierdal under eit kommunestyremøte tysdag. Innstillinga fekk einstemmig støtte i både utvalet som hadde jobba fram innstillinga og kommunestyret. Sidan Halfdhan Krohn Brekke allereie er tilsett i kommunen kan han ta fatt på jobben allereie dagen etter. Krohn Brekke har jobba to og eit halvt år i Vindafjord kommune.

— Eg har ikkje angra eit sekund på at eg begynte i Vindafjord kommune. Det handlar om folk, sa han.

Krohn Brekke bur i Haugesund og kom frå stillinga som avdelingsleiar for bustadbyggelaget Bate i Haugesund då han begynte i kommunen i 2023. Han takka for støtten og fekk applaus frå kommunestyret. Det var til slutt åtte søkarar til jobben. Ifølgje Vierdal var alle kvalifiserte.

Powered by Labrador CMS