— God integrering er ikkje at du skal ta imot flest mogleg, men at få integrera dei i samfunnet, og då er det ikkje talet det kjem an på, sa Trude Enge (FrP) som støtta hovudutvalet si innstilling.
Grethe Hopland Ravn
Fem flyktningar neste år – sender signal om stopp frå 2027
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har
bedt Etne kommune om å busetja 15 flyktningar i 2026, og kommunedirektør Åsmund
Andersen Sekse tilrådde at kommunen skulle følgja oppmodinga.
Då saka kom til politisk behandling, hadde
hovudutvalet gjort ei anna vurdering. Med seks mot éi stemme tilrådde dei å
redusera talet til fem. I kommunestyret fekk denne tilrådinga 11 stemmer (Sp,
Frp, H og VIP) og blei vedtatt. Framlegget frå Arbeidarpartiet om å halda på
dei 15 som kommunedirektøren foreslo, fekk 5 stemmer (Ap, V og KrF).