På kartet til vegvesenet ser ein E134 som er stengd ved Fjæra etter eit større steinras og omkøyringsvegen, riksveg 13, som også er stengde etter ras. Fylkesveg 520 er einaste omkøyringsvegen som no er open, men med kolonnekøyring.
Skjermdump / Statens vegvesen / Handout
Steinras stengte omkøyringsveg, RV 13 i Suldal – køyretøy treft av stein
— Politiet har
fått melding om eit steinras på riksveg 13 ved Lovraeidet. Eit køyretøy skal
vera treft steinar og har fått materielle skadar. Trafikken er stansa i begge
retningar av publikum på staden, skreiv operasjonsleiaren frå politiet, Roger
Litlatun, i politiloggen klokka 20.48 søndag.
Han la til at
ingen skal vera alvorleg skadde.
Riksveg 13
fungerer som ein av to omkøyringsvegar til og frå Haugesund etter det store
raset som har stengt E 134 i Fjæra i Åkrafjorden.