Inga-Cecilie Sørheim.
PRIVAT
Tausheit er ikkje gull
Eg vil ikkje skrive om
dette. Det er for sjukt, for ekkelt, for drøyt.. Epstein-saka, med alle sine
stadig fleire forgreiningar; har dominert nyheitene dei siste vekene. Ei heil
verd er sjokkert. Korleis kunne noko slikt skje?
Forrige veke såg eg eit intervju med ei av dei
fornærma kvinnene i Epstein-saka i Debatten på NRK. Marina Lacerda sat rakrygga
og fortalde si rystande historie midt i beste sendetid. Ei vaksen kvinne sto
opp for seg sjølv som ung jente. Ho oppfordra alle som hadde hatt kontakt med
Epstein til å vere ærlege og ta ansvar. Alle må ha visst kva som føregjekk, sa
ho.
Over så mange år, og i så stort omfang. Dei
første historiene blei kjent så langt tilbake som i 1996. Først i 2008 blei
Epstein dømd, men då for langt færre forhold enn det han blei sikta for. Han
trua og kjøpte seg ut av det meste. Likevel; allereie frå 2008 var han kjent
som ein dømd seksualforbrytar. Deretter gjekk det igjen altfor mange år før han
blei tiltalt for omfattande menneskehandel med mindreårige i 2019. Truleg blei
totalt rundt tusen jenter, mange av dei mindreårige; misbrukt over ein periode
på to tiår. Kvifor blei han ikkje stoppa lenge før?