Solveig Lillian Lundal og Jørgen Lundal er blant bebuarane på Fjæra som er evakuert.
Arkiv
Fekk fem minutt på å evakuera
— Politiet kom og banka på døra
og me fekk fem minutt på oss til å evakuera. Me køyrde i bilen vår opp
gamlevegen til Rullestad, seier Jørgen Lundal som saman med kona Solveig måtte søkja
tilflukt hos dottera si på Rullestad då raset gjekk.
Alle som oppheldt seg på
Fjæra denne sundag føremiddagen måtte rømma staden, og enn så lenge er det umogleg
for fastbuande og hyttefolk å koma tilbake.
— Det er rundt åtte fastbuande på
Fjæra, resten er hytter. Dei fleste som var her reiste til slektningar. Me veit
ikkje kor lenge me må vera vekke, men me får melding kvar dag frå kommunen om
korleis det ligg an, seier han.