36 spelarar og fire trenarar er med på treningsleiren til Ølen IL.
PRIVAT
36 ungdommar lada opp til fotballsesongen i Spania
Treningsleiren til Spania er ein del av ei
rullerande ordning der både gutelag og jentelag får utanlandstur i løpet av dei
tre åra på ungdomsnivå, slik at alle spelarane får same moglegheit over tid.
For tre år sidan var det gutane som reiste, og i forfjor var det jentene sin
tur. Årets 36 spelarar er rekordmange.
Dette opplyser Johnny
Vik, som var med på leiren som trenar og er leiar i Ølen IL. Willy Solheim,
Alexsander Stene Krogh og Ole Arne Pedersen var også med som trenarar.
G19-troppen reiste
tysdag og kom heim laurdag etter ein kompakt og intensiv leir. I løpet av
opphaldet vart det gjennomført fem treningar, inkludert ein internkamp.
Idrettslaget stiller med to G19-lag i seriespel denne våren.