Kristoffer Grønstad ordna 1-0 for Etne rett før pause. Han kunne plassere ballen inn i opent mål etter å snappa den frå keeper.
FOTO: Magne Skålnes
Sigra utan å briljere
Etne står med full pott etter dei første to kampane, då dei vann 3-0 mot Stegaberg torsdag kveld. Det stod 1-0 til pause etter ei skåring av Kristoffer Grønstad.
Etter pause vart det meir å juble for, for dei mange frammøtte på Etne kunstgrasbane. Etter omlag ein time dobla innbytar Thomas Lien leiinga, før Sebastian Rafdal sette inn det tredje målet fem minuttar før slutt.
Dermed har Etne fått ein perfekt start på årets sesong. Samstundes gjekk Avaldsnes på sitt andre strake tap, då Vedavåg Karmøy vart for sterke. Etne tukta Avaldsnes i første serierunde, og er seks poeng føre opprykksrivalen. Etne møter Åkra 2 i neste kamp som går på bortebane kommande måndag.