Torsdag kveld tok Etne turen til Sauda for å møta laget som ligg på sisteplass på tabellen utan poeng. Etne på si side har funne formen, og tatt seks poeng på dei siste to kampane. Og Etne skuffa ikkje og tok tak i kampen frå start utan å komma til dei heilt store sjansane .
Sauda kom til eit par sjansar i den første omgangen, men det var Etne som opna skåringane. Thomas Lien plasserar ballen i krysset til 0-1. Seinare i omgangen er det Sauda sin tur til å smelle ballen i krysset, og dermed utlikning til 1-1 få minuttar før pause.
Punkterte kampen