Rekordstor NM-runde på heimebane
Crosskart, som enkelt forklart er ein go-kart med store hjul og motorsykkelmotor, er ei motorsportgrein i vekst. Det er første gong Vikedal Motorbane har teke imot så mange som 110 deltakarar til ein NM-runde, melder arrangørklubben NMK Vikedal.
Det var tydeleg at både små og store såg fram til ei fartsfylt helg. I tillegg til dei 110 førarane, var det òg fleire hundre til stades frå støtteapparat og blant publikum.
— Målet er å vinna eit heat
Ein av dei som stilte til start, var 11 år gamle Daniel Veland Skeie frå Sandeid. Han køyrer i klasse 1 (85/150 ccm), som du kan køyra frå året du fyller 9 år. Der er det toppfart på 80 km/t som gjeld, og motorane er anten to- eller firetaktar. Daniel køyrer sjølv ein firetaktar.
— Eg har køyrt i tre år. Det er mest for kjekt, seier Daniel.
Det er naturlegvis òg stor stas med heimebane.
— Når det er heimebane, har du ein fordel, for du kjenner banen.
Og med heimebanefordel kjem det også ambisjonar.
— Målet er å vinna eit heat.
Laurdagen starta bra med god fart og rekordstart, men det sa dessverre stopp etter ein krasj.
— I dag gjekk det ikkje heilt bra, for eg hadde ein krasj, men me har fått fiksa det, fortel Daniel, som satsar på ein krasjfri neste runde med heat-siger.
Det er ikkje spørsmål om det skjer, men når det skjer i crosskart, konkluderer støtteapparatet hans.
All in» på heimebane
Ein annan lokal førar som deltok, var veteranen Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal. Han vart norgesmeister i klasse 4 i 2019, og stiller no i same klasse med nytt håp om ein god plassering – sjølv om han ikkje satsar fullt på NM denne sesongen.
— Me starta første omgang med heat-siger, så det er knallbra. Eg har hatt litt problem på trening, men fekk ordna opp i ein del ting, så får me sjå korleis det går utover dagen, seier Aarekol.
Etter ein tung fjorårssesong med både motorhavari og rulling, har han valt å ta det litt rolegare i år. Men når NM kjem til heimebane, då er det ikkje snakk om å stå over.
— Det er denne banen eg har køyrt mest på, og det er klart at det ligg ein fordel der. Men dei andre kjem fort inn i flyten, så den fordelen har du berre i starten, fortel Aarekol.
— Eg har lyst å vinna, men hovudmålet er å koma i mål med både kroppen og crosskarten i behald, konkluderer Aarekol.