Bjørn Moland Enge skal køyre i supportklassen Supernasjonal i VM-runden i Høljes i Sverige til helga. Han er klar etter ein pause i NM. Foto: Holten Media
Bjørn Moland Enge skal køyre i supportklassen Supernasjonal i VM-runden i Høljes i Sverige til helga. Han er klar etter ein pause i NM.

Rally i Sverige neste

Moland Enge er frå Sandeid, og køyrer for NMK Vikedal. Runden føregår i Høljes nær norskegrensa i Sør-Sverige. Han skal til helga køyre supportklassen Supernasjonal, i eigen bil.

— Etter ein pause i NM-seriane eg normalt køyrer i, er eg veldig klar for nytt rallycrossløp, fortel han.
Det er dei seks beste i Store Supernasjonal» i Norge og Sverige som får tilbod om å køyre denne klassen under VM-runden i Höljes. Moland Enge hadde òg tilbod tidlegare om å køyre VM-runden på Lånke, men måtte takke nei.
— Det var ei økonomisk prioritering, fortel han. — Det kostar ein del å køyre desse rundane, særleg på toppen av NM-køyringa.

Holten misnøgd
Ein annan lokal rally-profil, Daniel Holten, skal også køyre VM i Höljes. Han har ikkje vore nøgd med resultata i det siste, seinast i Finland.
— I Strängnäs rauk girkassen, og gjekk deretter i autovernet tidleg i semifinalen. Det er slitsamt i lengda når resultata uteblir, sjølv om det er gode sjansar. Men det er ikkje noko anna å gjere enn å sjå fram mot neste løp, seier Holten.

Powered by Labrador CMS