Agathe Børretzen.
Arkiv
debatt
Investering i openheit eller i lukkingskultur?
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
I Grannar 14. april kunne me lesa at Etne kommune brukar
store ressursar på å svara ut innsynskrav. Kommunedirektøren skildrar 270
arbeidstimar og ein kostnad på 140 000 kroner som ein tung bør som tvingar
administrasjonen til å nedprioritera viktige oppgåver som brannordninga. Dette
er ei uheldig framstilling av ein lovfesta demokratisk rett.
Det vert i artikkelen skapt eit bilete av at innsynskrav er
noko som «råkar» kommunen og innbyggjarane negativt. Men retten til innsyn i
forvaltinga er ikkje noko kommunen gjev oss av godvilje; det er ein føresetnad
for tillit og kontroll i eit fungerande lokaldemokrati. At innsynsarbeidet vert
skildra som eit økonomisk og kapasitetsmessig mareritt, vitnar meir om
manglande teknisk modernisering enn om urimelege krav frå publikum.