Varden på Hodnafjellet er eit svært populært turmål. Bildet er frå arrangementet Skjold på tvers. Arkivfoto
Håpar på folkefest og ny rekordinteresse
Når deltakarane igjen legg ut på tur over fjella i
Skjold, er det ein solid tradisjon som blir vidareført. Det er mange sidan
Skjold på tvers såg dagens lys, men årets arrangement er den 15. gongen det
blir gjennomført, etter at to av åra blei avlyst som følgje av pandemien. Bak
arrangementet står eit breitt samarbeid mellom Skjold diskgolfklubb, IL
Skjoldar, 4H og speidarane. Totalt er det ein komité på ti personar som står
bak planlegginga, med Johannes Eide som komitéleiar.
Ny trase og færre toppar
Årets løype har fått fleire endringar. Talet på
toppar er redusert frå ni til sju, og total lengd er korta ned frå 23,8
kilometer til 21,1 kilometer. Søljåsen, Valåsen og Torefjell er tatt ut av
traseen, mens Haukaberg har kome inn som eit nytt innslag.