Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Heltar i beige og gule drakter – og ei sotete nattugle

Publisert

Då brannmannskap frå det lokale brannvesenet rykte ut, var det ikkje flammar dei møtte – men ei sterkt sotete, forvirra ugle. Det var Roger Vaka og Atle Heggen som fekk henne laus gjennom feieluka og tok henne med seg til brannstasjonen. Der starta eit varsamt redningsarbeid.

Ugla viste seg å vere ei kattugle, ein av dei vanlegaste ugleartane i Noreg. Men denne hadde hatt ein tøff tur. Fjørdrakta var tung av sot, og først prøvde dei å blåse henne rein med luft. Då det ikkje hjelpte, måtte meir forsiktig vask til – ikkje berre éin, men to gonger. Litt etter litt kom den naturlege fargen fram att, og med vatn å drikke byrja ugla å hente seg inn.

Etter endt vakt tok Atle henne med seg heim. Der fekk ho meir vatn og næring i form av storfehjarte. Det gjorde tydelegvis godt. Gjennom natta og neste føremiddag vart ho stadig meir opplagt.

Powered by Labrador CMS