Sport
Ølen vann overbevisande
Ølen sitt senior herrelag var tabellmessig underlegne motstandar Skjold/Stegaberg, men med Simen Løge tilbake var dei relativt overlegene motstandaren frå tetgruppa i 5. divisjon avdeling 4.
Det var ein spennande kamp med mellom 150 og 200 på tribunane, der mange engasjerte seg svært aktivt.
Kampen blei avgjort i det 89. minutt då Oleksandr Saveniuk sette eit nydeleg frispark direkte i mål frå rundt 20 meter forbi den gode Skjold/Stegaberg-keeperen Morten Mæland.
Det kan vera at grunnen til den gode laginnsatsen var at Simen Løge er tilbake etter eit år på høgare nivå i IL Fløya i Tromsø. I det heile viste alle fire spelarane med adresse Lundeneset vidaregåande skule godt igjen. Josef Haaland er ein solid defensiv midtbanemann, så er det hardtarbeidande Joachim Sund, kreative og offensive Josef Bø og banens bestemann Simen Løge som dominerte kampen frå første minutt. Han scora det første målet i kampen på ein veldig bra utført lobb åleine med keeper.