I eit Facebook-innlegg takkar idrettslaget dugnadsgjengen for innsatsen.
Per dags dato spelar Skånevik IL heimekampar på ein grasbane som taklar store mengder regn svært dårleg, eventuelt grus. På vêrharde dagar blir banen full av dammar på eit nivå ein sjeldan ser andre stader der dei lokale idrettslaga spelar heime- og bortekampar. Med ein fotballsesong som kan strekkje seg frå tidleg i april til november, har Skånevik IL sine lag blitt tvinga til å gjere tilpassingar i terminlistene.