Andreas Madsen set inn 1-0 etter 9 minutt for Ølen IL i kampen mot Torvastad 2. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Andreas Madsen set inn 1-0 etter 9 minutt for Ølen IL i kampen mot Torvastad 2.
Andreas Madsen var godt nøgd med to fine skåringar i første omgang, og kunne sjå sitste del av kampen i trygg forvissing om at det gjekk mot siger. FOTO: MAGNE SKÅLNES
— Opprykk er eit realistisk mål, fastslår angripar Andreas Madsen.
Håvard Stople (nr 8)skåra to mål med hovudet mot Torvastad 2. Her flyg han høgt i duell med Torvastad-forsvaret. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Med siger mot Kolnes torsdag er det truleg ingen som kan fråta Ølen IL opprykket til 5. divisjon.

Ny storsiger – jagar opprykk

Ølen IL står med 12 -1 i målforskjell etter to kampar i årets 6. divisjon. Laget seglar opp som favoritt til å rykke opp denne sesongen.

Publisert Sist oppdatert

Torvastad 2 var med i kampen omlag åtte minutt, før vertane gjorde kort prosess. To minutt seinare var stillinga 2-0 til heimelaget etter ei kontrollert avslutning frå Andreas Madsen, og ei heading av Håvard Stople. Dette gav ein indikasjon på korleis resten av kampen skulle bli. Torvastad 2 var slett ikkje dårlege i banespelet, men i dei to boksane var Ølen IL overlegne.

Oppjustert midtbanekvalitet

Dei to heimvendte spelarane, Sverre Ramsfjell og Håvard Stople, som har spelt i Etne IL dei siste sesongane, gjev ny kvalitet til midtbanen til Ølen IL. Dei to har kvalitet nok til å spela eit par hakk høgare enn 6. divisjon, og gjev ein ny dimensjon til spelet. Ramsfjell med sin eminente teknikk og blikk for spelet, og Stople med si kjemping og ledaregenskaper som er gull verdt for eit lag i utvikling. Stople viste seg óg som ein med nase for mål, med sine to skåringar med hovudet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS